Fyresdal Bygdemuseum ligg i Øyskogen, som er eit fint parkområde i sentrum av Fyresdal med mange store, freda furutre og ein bjørkelund. Her ligg fleire gravhaugar frå heidensk tid, og feltet vert rekna som det rikaste i Telemark. Eiga skilting i parken fortel om gravhaugane.
Museet har bygningar og gjenstandar frå mellomalderen og frametter og ynsker på ein levande måte å formidle fargerike glimt frå historia til Fyresdal. Dei gamle bygningane er opne alle dagar bortsett frå sundag, og mellom 13.00 og 14.00 er utstillingane benmanna. Omvisingar kan elles tingast frå turistinformasjonen eller Vest-Telemark Museum. I sommarsesongen er det gamle bakeriet ope kvar laurdag og i Øyskogen er det skattejakt for born. Fyresdal Bygdemuseum vart skipa i 1909, og markerer i år 100-årsjubileum. Der er slik eit av landets eldste bygdemuseum.
Til museet høyrer Fyresdal Handelslag sitt gamle bakeri. Bygget inneheld bakarrom, skjol og leilighet. Alt er restaurert og istandsett i 1920-talsstil.







