På alle einingane til Vest-Telemark Museum kan du få omvisning av våre trivelege museumsvertar. Du kan også vere med på mange andre aktivitetar:
Skjoting med pil og boge
Ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg kan du få lære kunsten å skjote med pil og boge slik dei gjorde i vikingtida og frametter mellomalderen. Born frå 5 år og vaksne er velkomne til å prøve seg.
Skattejakt
Bli med på skattejakt på Vest-Telemark Museums sine einingar i Kviteseid, Fyresdal og Øyfjell. Den som finn skatten, får ein liten premie!
Lag eigne kunstverk
Går du med ein kunstnar i magen? På Skinnarlandsamlinga og Vinje Biletgalleri kan du skape dine eigne skulpturar, teikningar og akvarellar.
Laft ei stoge
Ta med ungane til Vest-Telemark Museum i Eidsborg og la dei få vere byggherre for sitt eige hus. Museet har solide laftesett i to ulike storleikar. Fin familieaktivitet!
Gruppetilbod Norsk skieventyr
Grupper på meir enn ti personar kan tinge omvisning i utstillingane på Norsk Skieventyr, guide til Sondre Norheim sin fødestad Øverbø og velsmakande mat i Innsvingen kafé.
Opplevingspakke ved Åmdals Verk gruver
Opplevingspakka inkluderer:
  • Omvisning i gruva med enkle dramatiseringar/overraskingar

  • Moglegheit for å kjøpe ”gruvedram”

  • Måltid i Skeidehuset (rallarsuppe m/brød, øl/mineralvatn, kaffi og kaker)

  • Rallaren si historie gjennom song og enkel dramatisering under måltidet

  • Deltaking – allsong av gjestene
Innsvingen Cafe
Her kan du sjå kva dei kan tilby i kaféen på Norsk Skieventyr:

Kafémeny
Koldtbordmeny
Catering-tilbod
Ta museumstesten!
Kva for ein kross er det på denne gjenstanden? Test kva du veit om musea i Vest-Telemark.

Start museumstest
Aktuelt

Vi går ikke mod Nordpolen, vi går mod Sydpolen
Dette var meldinga mannskapet på båten Fram fekk på Madeira 9.september for 100 år sidan. Alle trudde dei skulle til Nordpolen, men denne meldinga endra livet for fleire av deltakarane.
 

Vest-Telemark Museum kjøper Norsk Skieventyr
Dagens leigeavtale med Sparebanken Sør blir avslutta og Vest-Telemark Museum blir eigar av eigedomen Norsk Skieventyr i Morgedal
 

Ferda mot Sydpolen har starta
9.august 1910 seila Fram ut frå Kristiansand med mannskap, utstyr og 100 hundar på veg til det alle trur er Nordpolen. Morgedølen Olav Bjaaland har ei sentral rolle i denne ekspedisjonen og Norsk Skieventyr vil markere dette jubileet framover.
 

Hudskoprosjektet nærmar seg slutten
I starten av juni var det samling og fleire fine hudskopar vart laga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Handverksutvikling, Morgedal Ski og Norsk Skieventyr
 

Filmen om Sondre Norheim
DVD "Frikaren på ski" - Historien om Sondre Norheim, den moderne skisportens far er no til sal på Norsk Skieventyr
 

Sjå Tveitenstoga på flyttefot
Kva er 10 m langt, veg 90 tonn og er ute på sledetur? Nrk har laga reportasje om flyttinga av Tveitenstoga på Vest-Telemark Museum, Eidsborg
 

Skimaking og skitesting var ein del av årets Morgedalsleikar
I skimakarverkstaden var det full aktivitet på fredagen og etterpå var det testing av ski ute i dei historiske løypene.
 

Vest Telemark Museum er på nytt forhandlar av Dale of Norway
Ol-genseren, windstopperprodukt og barnegenserar frå Dale of Norway er no å finne i hyllene på Norsk Skieventyr
 

Aasmund Olavsson Vinje med eitt ord
Snart blir Aasmund Olavsson Vinje å sjå som helt på eit av Norwegian sine fly. Korleis skildre han med eitt ord, på engelsk?
 
Logg inn