Myllarheimen er husmannsplassen der kunstnaren og felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, levde dei siste åra av livet sitt.
Myllarheimen ligg i Arabygdi i Vinje. Myllarguten vart fødd i Sauherad, og tilnamnet sitt fekk han avdi han var son av ein myllar. Familien var fattig og levde eit hardt og omflakkande liv i fattigdom. Allereie då han var fem år gamal byrja Myllarguten å spele, og han vart etterkvart ein svært ettertrakta gjestebodsspelemann. Han spela rundt i distrikta, og møtte mange store spelemenn som han let seg inspirere av. I 1831 trefte han Ole Bull i Bergen, og Bull vart svært imponert over spelet til Myllarguten. I 1849 arrangerte Bull ein konsert i Logen i Kristiania der Myllarguten var hovudattraksjon. Konserten vart ein suksess, og Myllarguten opparbeidde seg eit stort publikum. Men på slutten av 1850-åra snudde lykka seg. Den nasjonalromantiske perioden var på hell, og med dette også interessa for «bondespelet».
Myllarguten busette seg etterkvart i Vest-Telemark, og då han var rundt 30 år gifta han seg med Ingebjørg Eddanshaugen frå Edland. Dei fekk i alt 10 barn, men 3 av desse døydde tidleg. Kosi er husmannsplassen der Myllarguten levde dei siste åra av livet sitt, og her døydde han som ein einsam og fattig mann.
I Myllarheimen kan ein i dag oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til Myllarguten. Grupper på minst 10 personar kan tinge omvising der slåttar etter Myllarguten vert framført på fele, fløyte eller langeleik.

Stoga er ikkje den opphavlege Myllarguten budde i. Les meir her.






